Helseatlas for psykisk helsevern og rusbehandling

Hovudfunn frå Helseatlas for psykisk helsevern og rusbehandling er oppsummert under. Helseatlaset gir oversikt og analyse i bruk av psykisk helsevern, inkludert avtalespesialistane, og tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar (TSB) i Noreg for åra 2014 - 2018. Oppsummeringane inneheld også ei kort skildring av pasientutvala. Det blir vidare gitt informasjon om innbyggarane sin bruk av helsetenester i geografiske område (opptaksområde/buområde). Innbyggarane sin bruk blir målt som tal hendingar per 1 000 innbyggarar. Variasjonen i bruk mellom dei geografiske buområda er kommentert. Fleire resultat og analysar finst i rapporten.

Barn og unge i psykisk helsevern

Psykiske lidingar blir ofte kalla «de unges lidelser», og i dei fleste tilfelle har lidinga vist seg hos pasienten før fylte 25 år. Gutar i psykisk helsevern blir i stor grad tilvist i barneskolealder. Hos gutar er utviklingsforstyrringar og adferdsforstyrringar mest vanlege tilstandar, og mistanke om hyperkinetisk forstyrrelse (ADHD) vanleg årsak for tilvising. Hovedvekta av jentene i psykisk helsevern blir tilvist i ungdomsskolealder. Vanlege grunnar for tilvisinga er mistanke om depresjon eller angstliding, og frå puberteten også tilpassingsforstyrringar og spiseforstyrringar. For dei minste barna kan kontakt med psykisk helsevern gjelde mødre med fødselsdepresjon, barn med autisme, premature, rusmiddelskadde eller samansett barnevernsproblematikk. 95 % av behandlinga for barn og unge i psykisk helsevern skjer poliklinisk, og dei fleste opphalda i døgnbehandling er frivillig.

Poliklinisk behandling

Barn og unge mellom 0 og 17 år som i 2014--2018 hadde minst ein poliklinisk kontakt i psykisk helsevern, tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar eller hos avtalespesialistar i psykisk helsevern, er inkludert i utvalet.

Polikliniske kontaktar er definert som kontaktar der pasienten (eller pårørande) var fysisk til stades, og blei skriven inn og ut same dato (inkluderer både polikliniske konsultasjonar og dagbehandlig). Indirekte polikliniske kontaktar er ikkje inkludert.

Resultat

Kvart år var det 49 000 barn og unge i poliklinisk behandling ved psykisk helsevern, tverrfagleg spesialisert rusbehandling eller hos avtalespesialist psykisk helsevern, til saman 584 000 polikliniske kontaktar per år i Noreg.

Pasientraten varierte i buområda frå 36 til 58 barn og unge i poliklinisk behandling per 1 000 innbyggarar per år. Kontaktraten varierte i buområda frå 429 til 726 kontaktar per 1 000 innbyggarar, med 517 som gjennomsnittleg årsrate.

Barn og unge hadde i gjennomsnitt 12 polikliniske kontaktar per år, og talet varierte i buområda frå 8 til 16 polikliniske kontaktar per år.

BuområdeTal kontaktarTal pasientarKontaktar per pasient
St. Olavs48 1213 13315,5
Vestfold32 9162 34214,1
Diakonhjemmet14 9491 07413,9
OUS29 1982 12413,7
Ahus60 5374 41313,7
Møre og Romsdal34 1312 65312,9
Vestre Viken51 5654 15712,4
Lovisenberg9 34080311,6
Nordland16 8951 49111,3
Telemark21 1381 90911,1
Innlandet38 8103 52911,0
Bergen48 3064 45710,8
Stavanger39 0403 61310,8
Sørlandet30 3152 84710,6
Østfold28 8362 72210,6
Helgeland10 37598910,5
Fonna18 3241 75810,4
UNN17 7351 7869,9
Nord-Trøndelag14 1911 5739,0
Finnmark7 5818598,8
Førde11 6901 4018,3
Noreg583 99249 09411,9

Poliklinisk behandling for barn og unge (0-17 år) i psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar. Tal kontaktar, tal pasientar og kontaktar per pasient fordelt på buområde og landet. Gjennomsnittsverdiar per år (2014-2018).

Figur: Kontaktrate for poliklinisk behandling for barn og unge (0-17 år) i psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar: Tal kontaktar per 1 000 innbyggarar, fordelt på buområde og landet. Søylene viser gjennomsnittsverdiar per år (2014-2018) og prikkane representerer ratar for kvart av åra. Ratane er justert for alder og kjønn.

Kommentar

Barn og unge i poliklinisk behandling er ei stor pasientgruppe innan psykisk helsevern. Buområda med lågare folketal tenderer til å ha fleire pasientar i forhold til innbyggartal. Variasjonen mellom buområda er likevel liten både for kontaktratar og pasientratar.

Nedgangen i poliklinisk kontaktrate for Noreg i 2018 kan vere påverka av både innføring av nytt journalsystem i nokre helseføretak i perioden, og ein auke i tenestetilbodet for barn og unge si psykiske helse i kommunane.

Barn og unge i poliklinisk behandling - ulike alderssegment

Barn i alderen 0-5 år hadde færrast polikliniske kontaktar. Kontaktraten varierte i buområda frå 37 til 212 kontaktar per 1 000 innbyggarar, med 92 som gjennomsnittleg årsrate. Kontaktraten for barn i alderen 6-12 år varierte i buområda frå 377 til 750 kontaktar per 1 000 innbyggarar, med 524 som gjennomsnittleg årsrate. I alderen 13-17 år var den polikliniske kontaktraten for barn og unge størst, med 1 006 som gjennomsnittleg årsrate. Raten varierte i buområda frå 731 til 1 469 kontaktar per 1 000 innbyggarar.

Barn og unge er den nest største pasientgruppa i helseatlas for psykisk helsevern og rusbehandling. Variasjonen i poliklinisk behandling for 0-17 år er liten både for kontaktratar og pasientratar.

For aldersgruppa 13-17 år er jenter i fleirtal og kontaktraten den høgaste i helseatlas for psykisk helsevern og rusbehandling. Raten er høgare enn tilsvarande ratar for vaksne og eldre.

Bruk av poliklinikk for dei ulike alderssegmenta varierer i buområda. Enkelte buområde har relativt høg kontaktrate for barn i gruppa 0--5 år, mens andre har relativt høg kontaktrate i alle alderssegment, og i somme buområde er kontaktratane høge frå tenåra.

Figur: Kontaktrate, inndeling i aldersgrupper. Poliklinisk kontaktrate for behandling i psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar: Tal kontaktar per 1 000 innbyggarar, fordelt på buområde og landet i aldersgruppene 0-5 år, 6-12 år og 13-17 år. Søylene viser gjennomsnittsverdiar per år (2014-2018) og prikkane representerer ratar for kvart av åra. Ratane er justert for alder og kjønn.

Barn og unge - indirekte polikliniske kontaktar

Barn og unge mellom 0 og 17 år som i 2014-2018 hadde minst ein indirekte kontakt i psykisk helsevern, tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar eller hos avtalespesialistar i psykisk helsevern, er inkludert i utvalet. Indirekte kontaktar er kontaktar der pasienten (eller pårørande) ikkje var fysisk til stades, og er definert som episodar der variabelen «kontakttype» har verdien «Indirekte pasientkontakt», eller der variabelen «polIndir» ikkje er tom. For psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar er P-takstane P13, P14, P23, P24, P31 og særkodane B0009, B0010, B0011, B0017 inkludert. Hos avtalespesialistar er takstane 26, 31a-f, 33a-b, 60a-b, 70a-b, 80a-b inkludert.

Kvart år var det nær 275 000 indirekte polikliniske kontaktar for barn og unge i Noreg. Raten for indirekte kontaktar varierte i buområda frå 154 til 357 kontaktar per 1 000 innbyggarar, med 243 som gjennomsnittleg årsrate.

Indirekte kontaktar utgjorde på landsnivå 32 % av alle polikliniske kontaktar for barn og unge, men varierte mellom buområda frå 24 til 43 %.

Dei registrerte typar indirekte kontaktar gikk i retning av fleire telefonsamtalar med pasientane og samarbeidsmøter om pasientane. Tal samarbeidsmøter om pasienten med førstelinjetenesta og anna teneste auka tydeleg dei siste åra i perioden, mens det blei registrert få indirekte kontaktar per telemedisin og tele-/videokonferanse. Endringane kan henge saman med innføring av innsatsstyrt finansiering (ISF), og større fokus på koding også av indirekte kontaktar.

BuområdeAlle kontaktarProsentdel DirekteProsentdel Indirekte
Ahus92 32165,634,4
Diakonhjemmet20 49672,927,1
Helgeland14 09073,626,4
Bergen73 41465,834,2
Finnmark13 31956,943,1
Fonna24 88373,626,4
Førde17 25467,832,2
Nord-Trøndelag19 30173,526,5
Møre og Romsdal44 80476,024,0
Stavanger53 42873,126,9
Innlandet61 56963,037,0
Lovisenberg13 37769,830,2
Nordland22 22476,024,0
OUS46 05463,436,6
Østfold41 59469,330,7
Sørlandet47 25864,135,9
St. Olavs64 36774,725,3
Telemark31 59366,933,1
UNN25 11770,629,4
Vestfold50 53765,134,9
Vestre Viken81 23063,536,5
Noreg858 22968,032,0

Direkte og indirekte kontaktar i poliklinisk behandling. Barn og unge (0-17 år) i psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar. Alle kontaktar (inkluderer direkte og indirekte kontaktar, gjennomsnittsverdiar per år), prosentdel direkte og prosentdel indirekte kontaktar for perioden 2014-2018.

Figur: Kontaktrate for indirekte kontaktar i poliklinisk behandling for barn og unge (0- 17 år) i psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar: Tal kontaktar per 1 000 innbyggarar, fordelt på buområde og landet. Søylene viser gjennomsnittsverdiar per år (2014-2018) og prikkane representerer ratar for kvart av åra. Ratane er justert for alder og kjønn.

Døgnbehandling

Barn og unge mellom 0 og 17 år som i 2014-2018 hadde minst eitt døgnopphald i psykisk helsevern er inkludert.

Døgnopphald er definert som opphald på meir enn null døgn i psykisk helsevern eller tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar. Døgnopphald med mindre enn åtte timar mellom utskriving og ny innskriving er slått saman. Opphald lengre enn 365 dagar er ekskludert. Årsratane er registrert på året pasienten blei utskriven.

Resultat

Kvart år hadde 1 770 barn og unge døgnopphald i psykisk helsevern eller tverrfagleg spesialisert rusbehandling, med omtrent 2 600 opphald per år i Noreg.

Pasientraten varierte i buområda frå 0,7 til 4,0 barn og unge i døgnbehandling per 1 000 innbyggarar per år.

Opphaldsraten varierte i buområda frå 0,9 til 5,8 døgnopphald per 1 000 innbyggarar, med 2,3 som gjennomsnittleg årsrate. Opphald for barn og unge varte i gjennomsnitt 27 døgn, men varierte særleg mykje mellom buområda frå 14 til 68 døgn per opphald.

BuområdeTal pasientarTal opphaldDøgn per opphald
Lovisenberg131567,0
OUS597962,0
Ahus8011448,9
Diakonhjemmet233346,9
Vestre Viken11114641,3
Helgeland435738,0
Telemark659136,9
Innlandet14521435,8
Vestfold476432,1
Nordland7810428,7
Finnmark689725,7
Fonna799824,7
Stavanger12720121,8
St. Olavs9814821,0
Østfold9919821,0
UNN9414820,1
Sørlandet8013118,3
Møre og Romsdal12817217,0
Førde437016,9
Bergen18928415,9
Nord-Trøndelag10311714,3
Noreg1 7702 58126,9

Døgnbehandling for barn og unge (0-17 år) i psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar. Tal pasientar, tal opphald og døgn per opphald fordelt på buområde og landet. Gjennomsnittsverdiar per år (2014-2018).

Figur: Opphaldsrate for døgnbehandling for barn og unge (0-17 år) i psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar: Tal døgnopphald per 1 000 innbyggarar, fordelt på buområde og landet. Søylene viser gjennomsnittsverdiar per år (2014-2018) og prikkane representerer ratar for kvart av åra. Ratane er justert for alder og kjønn.

Kommentar

Det er relativt få barn og unge innlagt til døgnbehandling, men variasjonen er særleg stor både for opphaldsratar og pasientratar. Forskjellane i varigheit av opphalda er markant, med nesten fem gonger lengre opphald i buområde med lengst opphald enn i buområde med kortast.

Vaksne i psykisk helsevern og TSB

Halvparten av innbyggarane i Noreg vil oppleve å få ei psykisk liding i løpet av livet. Psykiske sjukdommar rammar i stor grad den yngre del av innbyggarane, og angst og depresjon er dei hyppigaste tilstandane. Ruslidingar førekjem hyppig, også saman med andre psykiske lidingar. Psykoselidingar er forholdsvis sjeldne (1-3,5 %). Nokre tilstandar har svært god prognose, mens andre kan gi meir kroniske lidingar. Psykiske lidingar- og åtferdsforstyrringar utgjer med 36 % den største gruppa av dei uføretrygda.

Poliklinikk

Vaksne mellom 18 og 64 år, som i 2014-2018 hadde minst ein poliklinisk kontakt i psykisk helsevern, tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar eller hos avtalespesialistar i psykisk helsevern, er inkludert i utvalet.

Polikliniske kontaktar er definert som kontaktar der pasienten (eller pårørande) var fysisk til stades, og blei skriven inn og ut same dato (inkluderer både polikliniske konsultasjonar og dagbehandlig). Indirekte polikliniske kontaktar er ikkje inkludert.

Resultat

Kvart år var over 180 000 vaksne i poliklinisk behandling ved psykisk helsevern, tverrfagleg spesialisert rusbehandling eller avtalespesialist psykisk helsevern, med nær 2 250 000 polikliniske kontaktar per år i Noreg.

Pasientraten varierte i buområda frå 48 til 83 vaksne i poliklinisk behandling per 1 000 innbyggarar per år. Kontaktraten varierte i buområda frå 461 til 1~229 kontaktar per 1 000 innbyggarar, med 696 som gjennomsnittleg årsrate.

Vaksne hadde i gjennomsnitt 12 polikliniske kontaktar per år, men talet varierte i buområda frå 8 til 15 polikliniske kontaktar per år.

Det var flest polikliniske kontaktar i psykisk helsevern (88-46 %). Bruk av avtalespesialistar var størst i hovudstadsområda (43-34 %), og lågast nord i landet (8 %). Polikliniske kontaktar i tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar utgjorde på landsnivå 14 %, og prosentdelen varierte i buområda frå 2 % til 29 %.

Figur: Pasientrate for poliklinisk behandling i psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar: Tal vaksne pasientar per 1 000 innbyggarar, fordelt på buområde. Søylene viser gjennomsnittsverdiar per år (2014-2018) med 95 % og 99,8 % konfidensintervall. Loddrett strek viser gjennomsnittsverdien for landet. Ratane er justert for alder og kjønn.
Figur: Kontaktrate for poliklinisk behandling for vaksne i psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar: Tal kontaktar per 1 000 innbyggarar, fordelt på buområde og landet. Søylene viser gjennomsnittsverdiar per år (2014-2018) og prikkane representerer ratar for kvart av åra. Ratane er justert for alder og kjønn.
Figur: Poliklinisk kontaktrate fordelt på buområde og landet, med prosentvis inndeling av behandling i psykisk helsevern (PHV), tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar (TSB) og avtalespesialistar - psykisk helsevern (Avt). Søylene viser gjennomsnittsverdiar per år (2014-2018). Ratane er justert for alder og kjønn.

Kommentar

Vaksne i poliklinisk behandling er ei stor pasientgruppe. Med tanke på at pasientraten ikkje varierte stort mellom buområda er det verdt å legge merke til at kontaktraten er nær dobbelt så stor i buområde med størst rate som i buområde med minst rate. Vaksne Oslo-innbyggarar har prosentvis størst bruk av avtalespesialistar.

Døgnbehandling

Vaksne mellom 18 og 64 år, som i 2014-2018 hadde minst eitt døgnopphald i psykisk helsevern eller tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar er inkludert.

Døgnopphald er definert som opphald på meir enn null døgn i psykisk helsevern eller tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar. Døgnopphald med mindre enn åtte timar mellom utskriving og ny innskriving er slått saman. Opphald lengre enn 365 dagar er ekskludert. Årsratane er registrert på året pasienten blei utskriven.

Resultat

Kvart år hadde 27 700 vaksne døgnopphald i psykisk helsevern eller tverrfagleg spesialisert rusbehandling, til saman 50 800 opphald per år i Noreg.

Pasientraten varierte i buområda frå 6 til 13 vaksne i døgnbehandling per 1 000 innbyggarar per år. Opphaldsraten varierte i buområda frå 9 til 25 døgnopphald per 1 000 innbyggarar, med 16 som gjennomsnittleg årsrate.

Opphald for vaksne varte i gjennomsnitt 26 døgn, og varierte mellom buområda frå 19 til 32 døgn per opphald.

BuområdeTal pasientarTal opphaldDøgn per opphald
Diakonhjemmet54383832,3
Telemark1 0721 89330,6
Innlandet2 0653 52530,4
OUS1 3102 23630,2
Vestfold1 1431 92828,8
Stavanger1 9163 57428,5
Vestre Viken2 2203 77428,3
Lovisenberg1 1561 93827,3
Bergen2 3974 44927,0
Ahus2 3733 94626,5
Helgeland41868425,9
Nordland8631 50825,2
Førde48393725,2
Østfold1 7242 89124,9
Nord-Trøndelag6511 15824,3
Møre og Romsdal1 3932 70024,2
Sørlandet1 7863 41923,6
Fonna9511 97123,5
Finnmark6041 15822,9
St. Olavs1 6993 31522,3
UNN1 2142 95618,5
Noreg27 68550 80026,2

Døgnbehandling for vaksne (18-64 år) i psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar. Tal pasientar, tal opphald og døgn per opphald fordelt på buområde og landet. Tala representerer gjennomsnittsverdiar per år (2014-2018).

Figur: Opphaldsrate for døgnbehandling for vaksne (18-64 år) i psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar: Tal døgnopphald per 1 000 innbyggarar, fordelt på buområde og landet. Søylene viser gjennomsnittsverdiar per år (2014- 2018) og prikkane representerer ratar for kvart av åra. Ratane er justert for alder og kjønn.

Kommentar

Pasientar i døgnbehandlinge er ei langt mindre gruppe enn pasientar i poliklinisk behandling. Det er likevel ein merkbar variasjon med nær tre gonger fleire døgnopphald per 1~000 innbyggarar i buområda med høgast rate enn i buområde med lågast.

Det er ein tendens til større bruk av døgnopphald i nord, med låg poliklinisk kontaktrate og mange korte døgnopphald i enkelte buområde. I hovudstadområdet ser ein derimot få lange døgnopphald og høg poliklinisk kontaktrate. Variasjonen i døgnbehandling for vaksne er uønska.

Vaksne med rusliding

Alkoholbrukslidingar er den hyppigaste rusbrukslidinga i Noreg, og er mest vanleg blant unge vaksne mellom 18 og 35 år. Skadeleg bruk av alkohol er meir vanleg blant menn enn hos kvinner. Pasientar med ruslidingar har ofte også andre psykiske lidingar og kroppslege sjukdommar. Personar med rusliding kan få både poliklinisk behandling og døgnbehandling i spesialisthelsetensta.

Poliklinikk

Vaksne mellom 18 og 64 år som i 2014-2018 hadde minst ein poliklinisk kontakt i psykisk helsevern, tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar (TSB) eller hos avtalespesialist i psykisk helsevern, med rusliding som hovud- eller bitilstand er inkludert. Rusliding er definert ved ICD-10-kodane F10, F11, F12, F13, F14, F15, F16, F18, F19.

Polikliniske kontaktar er definert som kontaktar der pasienten (eller pårørande) var fysisk til stades, og blei skriven inn og ut same dato (inkluderer både polikliniske konsultasjonar og dagbehandlig). Indirekte polikliniske kontaktar er ikkje inkludert her.

Resultat

Kvart år var 25 000 vaksne med rusliding i poliklinisk behandling ved psykisk helsevern, TSB eller hos avtalespesialist psykisk helsevern, med nær 300~000 polikliniske kontaktar per år i Noreg.

Pasientraten varierte i buområda frå 4 til 17 vaksne med rusliding i poliklinisk behandling per 1 000 innbyggarar per år. Kontaktraten varierte i buområda frå 27 til 212 kontaktar per 1 000 innbyggarar, med 93 som gjennomsnittleg årsrate.

Vaksne med rusliding hadde i gjennomsnitt 12 polikliniske kontaktar per år, men talet varierte i buområda frå 6 til 22.

Av kontaktane blei 77 % gjennomført i TSB og 11 i psykisk helsevern. I buområda varierte prosentdelen kontaktar i TSB frå 18 % til 91 %, og i psykisk helsevern frå 8 % til 80 %. Relativt få blei gjennomført hos avtalespesialistar (opp til 6 %).

BuområdeTal kontaktarTal pasientarKontakt per pasient
Bergen59 5422 64422,5
Vestfold17 5691 37212,8
Lovisenberg21 6441 70412,7
Stavanger22 7821 80312,6
Sørlandet23 7991 91412,4
Fonna11 05998811,2
OUS16 9501 59010,7
Diakonhjemmet8 76983210,5
St. Olavs13 7201 31210,5
Møre og Romsdal7 5167629,9
Ahus20 1022 0689,7
Østfold15 8431 6669,5
Vestre Viken18 8331 9849,5
Telemark9 3641 0469,0
UNN4 9235548,9
Innlandet14 4181 6618,7
Helgeland2 0662428,5
Nord-Trøndelag4 0225097,9
Førde2 3023287,0
Nordland2 8694326,6
Finnmark1 2582046,2
Noreg299 34925 02712,0

Poliklinisk behandling for vaksne (18-64 år) med rusliding i psykisk helsevern og TSB. Tal kontaktar, tal pasientar og kontaktar per pasient fordelt på buområde og landet. Gjennomsnittsverdiar per år for perioden 2014-2018.

Figur: Kontaktrate, vaksne med rusliding i poliklinisk behandling. Tal kontaktar per 1 000 innbyggarar, fordelt på buområde og landet. Søylene viser gjennomsnittsverdiar per år (2014-2018) og prikkane representerer ratar for kvart av åra. Ratane er justert for alder og kjønn.

Kommentar

Det er særleg stor variasjon i poliklinisk behandling for vaksne med rusliding. Også variasjonen i pasientratar er stor mellom buområda, og vaksne frå buområde med høgast rate får kvart år meir enn tre gonger så mange polikliniske kontaktar som vaksne i buområde med lågast rate.

Vaksne med rusliding får ulik poliklinisk oppfølging, avhengig av kvar dei bur i landet. Relativt høgare bruk av poliklinikk innan psykisk helsevern og TSB i dei største byane, kan ha bakgrunn i større behov for behandling hos innbyggarane der.

Døgnbehandling

Vaksne mellom 18 og 64 år som i 2014-2018 hadde minst eitt døgnopphald i psykisk helsevern eller tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar (TSB), med rusliding som hovud- eller bitilstand er inkludert. Rusliding er definert ved ICD-10-kodane F10, F11, F12, F13, F14, F15, F16, F18, F19.

Døgnopphald er definert som opphald på meir enn null døgn i psykisk helsevern eller TSB. Døgnopphald med mindre enn åtte timar mellom utskriving og ny innskriving er slått saman. Opphald lengre enn 365 dagar er ekskludert. Årsratane er registrert på året pasienten blei utskriven.

Resultat

Kvart år hadde 11 500 vaksne med rusliding døgnopphald i psykisk helsevern eller TSB, til saman nær 20 000 opphald per år i Noreg.

Pasientraten varierte i buområda frå 2 til 7 vaksne med rusliding i døgnbehandling per 1 000 innbyggarar per år.

Opphaldsraten varierte i buområda frå 4 til 11 døgnopphald per 1 000 innbyggarar, med 6 som gjennomsnittleg årsrate for landet. Opphald for vaksne med rusliding varte i gjennomsnitt 33 døgn, og varierte mellom buområda frå 26 til 45 døgn per opphald.

BuområdeTal pasientarTal opphaldDøgn per opphald
Telemark47675845,0
Innlandet7481 25139,5
Vestfold55986238,9
Stavanger7411 21437,9
Helgeland13219337,8
Vestre Viken8521 32835,3
Nord-Trøndelag25342333,6
Bergen1 0841 86133,5
Ahus9871 54833,5
Førde14626733,3
Nordland32053733,1
Diakonhjemmet28245032,3
Finnmark21036632,2
Fonna41474831,5
OUS6391 08831,4
Lovisenberg6521 13830,4
Møre og Romsdal5411 01330,4
Sørlandet8581 54430,0
Østfold6891 11129,3
St. Olavs6811 21427,5
UNN42488826,4
Noreg11 56219 80233,2

Døgnbehandling for vaksne (18-64 år) med rusliding, i psykisk helsevern og TSB. Tal pasientar, tal opphald og døgn per opphald fordelt på buområde og landet. Gjennomsnittsverdiar per år (2014-2018).

Figur: Opphaldsrate for vaksne med rusliding i døgnbehandling. Tal døgnopphald per 1 000 innbyggarar, fordelt på buområde og landet. Søylene viser gjennomsnittsverdiar per år (2014-2018) og prikkane representerer ratar for kvart av åra. Ratane er justert for alder og kjønn.

Kommentar

Vaksne med rusliding utgjer omtrent ein tredjedel av alle vaksne i døgnbehandling i psykisk helsevern og TSB. Variasjonen mellom buområda for pasientar med rusliding i døgnbehandling er ikkje like markant som i poliklinisk behandling. Det er likevel halvanna gong lengre opphald i buområde med lengst opphald enn i buområde med kortast.

Det er uønska variasjonar i døgnbehandling av vaksne, og dette er særleg tydeleg for pasientar med rusliding.

Vaksne med alvorleg psykisk liding

Alvorleg psykisk liding, dvs. psykoseliding, alvorleg depresjon, mani eller bipolar liding, er forholdsvis sjeldne tilstandar og ca. 1-3,5 % av innbyggarane vil få ei psykoseliding i løpet av livet. Alvorleg psykisk liding kan føre til langvarig og stort funksjonsfall og omfattande hjelpebehov, mens andre kan ha eit meir kortvarig sjukdomsforløp. Pasientar med alvorleg psykisk liding får ofte både poliklinisk behandling og døgnbehandling i spesialisthelsetenesta.

Poliklinikk

Vaksne mellom 18 og 64 år som i 2014--2018 hadde minst ein poliklinisk kontakt i psykisk helsevern, tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar (TSB) eller hos avtalespesialist i psykisk helsevern, med alvorleg psykisk liding som hovud- eller bitilstand er inkludert. Alvorleg psykisk liding (ALV) er definert ved ICD-10-kodane F20--29, F30.1, F30.2, F30.8, F30.9, F31, F32.3, F33.3.

Polikliniske kontaktar er definert som kontaktar der pasienten (eller pårørande) var fysisk til stades, og blei skriven inn og ut same dato (inkluderer både polikliniske konsultasjonar og dagbehandlig). Indirekte polikliniske kontaktar er ikkje inkludert.

Resultat

Kvart år var det knapt 20 000 vaksne med alvorleg psykisk liding i poliklinisk behandling ved psykisk helsevern, tverrfagleg spesialisert rusbehandling eller hos avtalespesialist psykisk helsevern, med omtrent 308~000 polikliniske kontaktar per år i Noreg.

Pasientraten varierte i buområda frå 4 til 11 vaksne med alvorleg psykisk liding i poliklinisk behandling per 1 000 innbyggarar per år. Kontaktraten varierte i buområda frå under 43 til 262 kontaktar per 1 000 innbyggarar, med litt over 95 som gjennomsnittleg årsrate.

Vaksne med alvorleg psykisk liding hadde i gjennomsnitt 16 polikliniske kontaktar per år, men talet varierte i buområda frå 8 til 23 polikliniske kontaktar per år.

BuområdeTal kontaktarTal pasientarKontaktar per pasient
Lovisenberg25 4021 09923,1
Sørlandet22 9821 09720,9
St. Olavs21 5461 21317,8
Stavanger26 3691 51417,4
Diakonhjemmet10 73363416,9
OUS20 7391 24116,7
Møre og Romsdal14 42490815,9
Bergen30 5802 01415,2
Telemark10 50869915,0
UNN8 69659614,6
Ahus23 0861 58914,5
Vestfold13 91996514,4
Østfold10 25876613,4
Vestre Viken24 8911 87413,3
Fonna8 77468412,8
Nord-Trøndelag6 24851112,2
Innlandet15 9051 31312,1
Nordland4 97642811,6
Helgeland2 67724910,8
Førde3 46132910,5
Finnmark1 9712557,7
Noreg308 14519 58615,7

Poliklinisk behandling for vaksne (18-64 år) med alvorleg psykisk liding i psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar. Tal kontaktar, tal pasientar og kontaktar per pasient fordelt på buområde og landet. Gjennomsnittsverdiar per år (2014-2018).

Figur: Kontaktrate for vaksne med alvorleg psykisk liding. Tal polikliniske kontaktar per 1 000 innbyggarar, fordelt på buområde og landet. Søylene viser gjennomsnittsverdiar per år for perioden 2014-2018 og prikkane representerer ratar for kvart av åra. Ratane er justert for alder og kjønn.

Kommentar

Det er stor variasjon i poliklinisk behandling for vaksne med alvorleg psykisk liding, men liten variasjon i pasientraten. Pasientar frå buområde med flest kontaktar per pasient hadde tre gonger så mange kontaktar som vaksne pasientar i buområde med færrast.

Vaksne med alvorleg psykisk liding får ulik poliklinisk oppfølging, avhengig av kvar dei bur i landet. Behandlingstilboda i dei største byane er meir omfattande for enkeltpasientane, samanlikna med andre stadar. Relativt høgare bruk av poliklinikk i psykisk helsevern og rusbehandling i dei største byane kan også ha bakgrunn i større behov for behandling hos innbyggarane der.

Døgnbehandling

Vaksne mellom 18 og 64 år som i 2014-2018 hadde minst eitt døgnopphald i psykisk helsevern eller tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar, med alvorleg psykisk liding som hovud- eller bitilstand er inkludert. Alvorleg psykisk liding er definert ved ICD-10-kodane F20--29, F30.1, F30.2, F30.8, F30.9, F31, F32.3, F33.3.

Døgnopphald er definert som opphald på meir enn null døgn i psykisk helsevern eller TSB. Døgnopphald med mindre enn åtte timar mellom utskriving og ny innskriving er slått saman. Opphald lengre enn 365 dagar er ekskludert. Årsratane er registrert på året pasienten blei utskriven.

Resultat

Kvart år hadde 7 920 vaksne med alvorleg psykisk liding døgnopphald i psykisk helsevern eller tverrfagleg spesialisert rusbehandling, til saman over 15 100 opphald per år i Noreg.

Pasientraten varierte i buområda frå 1,9 til 3,5 vaksne med alvorleg psykisk liding i døgnbehandling per 1~000 innbyggarar per år.

Opphaldsraten varierte i buområda frå 3,1 til 9,4 døgnopphald per 1 000 innbyggarar, med 4,7 som gjennomsnittleg årsrate. Opphald for vaksne med alvorleg psykisk liding varte i gjennomsnitt 29 døgn, og varierte mellom buområda frå 16 til 42 døgn per opphald.

BuområdeTal pasientarTal opphaldDøgn per opphald
OUS40361942,4
Diakonhjemmet19727841,3
Østfold38465334,1
Ahus6481 05533,8
Bergen7741 42032,6
Vestre Viken6071 09332,2
Innlandet48290131,9
Lovisenberg33953731,7
Vestfold30752630,8
Stavanger7211 42629,9
Førde13025529,8
Telemark26953827,9
St. Olavs46298527,2
Møre og Romsdal38677827,1
Nord-Trøndelag16732926,5
Helgeland11019626,0
Nordland19433125,4
Sørlandet5021 03723,8
Finnmark16137021,7
Fonna30773520,3
UNN3601 09116,5
Noreg7 92015 15129,1

Døgnbehandling for vaksne (18-64 år) med alvorleg psykisk liding i psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar. Tal pasientar, tal opphald og døgn per opphald fordelt på buområde og landet. Gjennomsnittsverdiar per år (2014-2018).

Figur: Opphaldsrate for vaksne med alvorleg psykisk liding i døgnbehandling. Tal døgnopphald per 1 000 innbyggarar, fordelt på buområde og landet. Søylene viser gjennomsnittsverdiar per år for perioden 2014-2018 og prikkane representerer ratar for kvart av åra. Ratane er justert for alder og kjønn.

Kommentar

Det er stor variasjon i døgnbehandling for vaksne med alvorleg psykisk liding, sjølv om variasjonen i pasientrate er liten. Pasientar i nord har kortare døgnopphald, mens opphald i Oslo-områda har lengst varigheit.

Det er uønska variasjonar i døgnbehandling av vaksne, og dette er særleg tydeleg for pasientar med alvorleg psykisk liding.

Eldre i psykisk helsevern og TSB

Dei hyppigaste psykiske lidingane hos eldre er dei same som hos den yngre del av innbyggarane og kan bli behandla på same måte som yngre. Eldre kan i tillegg ha andre, aldersrelaterte utfordringar. I fleire europeiske land har 35 % av dei eldre hatt ei psykisk liding i løpet av det siste året, og norske studier viser ein auke i førekomsten av depresjon hos eldre. Førekomsten av demens er på 5-10 % hos eldre. Psykiske problem er ofte samansette, og utgreiing og behandling skjer både i primærhelsetenesta, geriatriske, nevrologiske, alderspsykiatriske og allmennpsykiatriske avdelingar og poliklinikkar. Organisering av tenestene kring psykisk liding hos eldre er ulik i ulike delar av landet.

Poliklinikk

Pasientar i alderen 65 år og eldre som i 2014-2018 hadde minst ein poliklinisk kontakt i psykisk helsevern, tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar eller hos avtalespesialistar i psykisk helsevern, er inkludert i utvalet.

Polikliniske kontaktar er definert som kontaktar der pasienten (eller pårørande) var fysisk til stades, og blei skriven inn og ut same dato (inkluderer både polikliniske konsultasjonar og dagbehandlig). Indirekte polikliniske kontaktar er ikkje inkludert.

Resultat

Kvart år var 15 000 eldre i poliklinisk behandling ved psykisk helsevern, tverrfagleg spesialisert rusbehandling eller avtalespesialist psykisk helsevern, med knapt 104 000 polikliniske kontaktar per år i Noreg.

Pasientraten varierte i buområda frå 12 til 36 eldre i poliklinisk behandling per 1 000 innbyggarar per år. Kontaktraten varierte i buområda frå 44 til 413 kontaktar per 1 000 innbyggarar, med 122 som gjennomsnittleg årsrate.

Eldre hadde i gjennomsnitt 7 polikliniske kontaktar per år, men talet varierte i buområda frå 3 til 12 polikliniske kontaktar per år.

Figur: Pasientrate for poliklinisk behandling i psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar: Tal eldre pasientar (65 år og eldre) per 1 000 innbyggarar, fordelt på buområde. Søylene viser gjennomsnittsverdiar per år (2014-2018) med 95 % og 99,8 % konfidensintervall. Loddrett strek viser gjennomsnittsverdien for landet. Ratane er justert for alder og kjønn.
Figur: Kontaktrate for poliklinisk behandling for eldre (65 år og eldre) i psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar: Tal kontaktar per 1 000 innbyggarar, fordelt på buområde og landet. Søylene viser gjennomsnittsverdiar per år (2014-2018) og prikkane representerer ratar for kvart av åra. Ratane er justert for alder og kjønn.
Figur: Kontaktrate, inndeling etter sektor. Poliklinisk kontaktrate for eldre (65 år +), fordelt på buområde og landet, med prosentvis inndeling av behandling i sektorane psykisk helsevern (PHV), tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar (TSB) og avtalespesialistar, psykisk helsevern (Avt). Søylene viser gjennomsnittsverdiar per år (2014-2018). Ratane er justert for alder og kjønn.

Kommentar

Variasjonen i poliklinisk behandling er særleg stor for eldre pasientar. Eldre i Helse Nord har tydeleg lågare poliklinisk kontaktrate enn eldre frå landet elles, med høgast rate i Helse sør-Øst. Både kontaktrate, pasientrate og polikliniske kontaktar per pasient er høgast i Oslo, der også bruk av avtalespesialistar er høg. Kontaktraten for eldre er lågare enn for vaksne, barn og unge, og variasjonen mellom buområda er større for eldre enn for dei andre aldersgruppene.

Så tydeleg store variasjonar i poliklinisk behandling av pasientar med alvorlege lidingar gir mistanke om underforbruk av tenestene i delar av landet, og er uønska.

Døgnbehandling

Pasientar i alderen 65 år og eldre som i 2014-2018 hadde minst eitt døgnopphald i psykisk helsevern eller tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar er inkludert.

Døgnopphald er definert som opphald på meir enn null døgn i psykisk helsevern eller tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar. Døgnopphald med mindre enn åtte timar mellom utskriving og ny innskriving er slått saman. Opphald lengre enn 365 dagar er ekskludert. Årsratane er registrert på året pasienten blei utskriven.

Resultat

Kvart år hadde omtrent 3 800 eldre pasientar døgnopphald i psykisk helsevern eller tverrfagleg spesialisert rusbehandling, til saman over 5 600 opphald per år i Noreg.

Pasientraten varierte i buområda frå 4 til 8 eldre i døgnbehandling per 1 000 innbyggarar per år. Opphaldsraten varierte i buområda frå 5 til 13 døgnopphald per 1 000 innbyggarar, med 7 som gjennomsnittleg årsrate.

Opphald for eldre varte i gjennomsnitt 27 døgn, og varierte mellom buområda frå 19 til 39 døgn per opphald.

BuområdeTal pasientarTal opphaldDøgn per opphald
OUS17123038,8
Ahus28137035,3
Diakonhjemmet10214134,2
Stavanger22832232,6
Bergen38356130,8
Telemark17523829,5
Innlandet29946428,5
Finnmark517627,3
Nordland13017226,9
Lovisenberg8513926,8
Vestre Viken30548326,7
Helgeland658926,4
St. Olavs22236726,3
Østfold20527526,2
Vestfold15219324,1
UNN15424623,4
Sørlandet19929822,8
Fonna15624422,0
Førde9715221,7
Nord-Trøndelag10215120,3
Møre og Romsdal25042619,2
Noreg3 8135 63427,4

Døgnbehandling for eldre (65 år +) i psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar. Tal pasientar, tal opphald og døgn per opphald fordelt på buområde og landet. Gjennomsnittsverdiar per år (2014-2018).

Figur: Opphaldsrate for døgnbehandling for eldre (65 år +) i psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar: Tal døgnopphald per 1 000 innbyggarar, fordelt på buområde og landet. Søylene viser gjennomsnittsverdiar per år (2014- 2018) og prikkane representerer ratar for kvart av åra. Ratane er justert for alder og kjønn.

Kommentar

Variasjonen i opphaldsratar er moderat for eldre i døgnbehandling i psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar. Det er forholdsvis få pasientar og ratane kan derfor innehalde større innslag av tilfeldig variasjon.

Det er likevel nær tre gonger fleire opphald per innbyggar i buområde med høgast rate enn i buområde med lågast, og nesten dobbelt så mange døgn per opphald i buområde med flest døgn enn i buområde med færrast. Dette gir mistanke om at innbyggarane ikkje har eit likeverdig behandlingstilbod.

Eldre med rusliding

Alkoholbrukslidingar er den hyppigaste rusbrukslidinga i Noreg. Rusmiddelbruken blant eldre er aukande. Spesielt gjeld dette bruk av alkohol og vanedannande legemiddel. Skadeleg bruk av alkohol er meir vanleg blant menn enn hos kvinner. Pasientar med ruslidingar har ofte også andre psykiske lidingar og kroppslege sjukdommar. Personar med rusliding kan få både poliklinisk behandling og døgnbehandling i spesialisthelsetensta.

Poliklinikk

Pasientar i alderen 65 år og eldre som i 2014-2018 hadde minst ein poliklinisk kontakt i psykisk helsevern, tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar (TSB) eller hos avtalespesialist i psykisk helsevern, med rusliding som hovud- eller bitilstand er inkludert. Rusliding er definert ved ICD-10-kodane F10, F11, F12, F13, F14, F15, F16, F18, F19.

Polikliniske kontaktar er definert som kontaktar der pasienten (eller pårørande) var fysisk til stades, og blei skriven inn og ut same dato (inkluderer både polikliniske konsultasjonar og dagbehandlig). Indirekte polikliniske kontaktar er ikkje inkludert.

Resultat

Kvart år var litt over 1 000 eldre med rusliding i poliklinisk behandling ved psykisk helsevern, TSB eller hos avtalespesialist psykisk helsevern, til saman nær 7 500 polikliniske kontaktar per år i Noreg.

Pasientraten varierte i buområda frå 0,4 til 4,8 eldre med rusliding i poliklinisk behandling per 1 000 innbyggarar per år. Kontaktraten varierte i buområda frå 1,1 til 42,9 kontaktar per 1 000 innbyggarar, med 8,7 som gjennomsnittleg årsrate.

Eldre med rusliding hadde i gjennomsnitt 7 polikliniske kontaktar per år, men tallet varierte i buområda frå 2,4 til 9,1 polikliniske kontaktar per år.

BuområdeTal kontaktarTal pasientarKontaktar per pasient
Bergen790879,1
OUS765878,8
Lovisenberg450528,7
Møre og Romsdal364428,6
Sørlandet471607,8
Vestre Viken710937,6
St. Olavs441627,2
UNN145207,1
Vestfold352516,9
Innlandet537796,8
Ahus617916,8
Diakonhjemmet425636,7
Østfold344526,6
Nord-Trøndelag172305,7
Førde128245,3
Helgeland3274,9
Stavanger295614,8
Fonna139314,5
Telemark193454,3
Nordland40113,6
Finnmark1562,4
Noreg7 4251 0527,1

Poliklinisk behandling for eldre med rusliding i psykisk helsevern og TSB. Tal kontaktar, tal pasientar og kontaktar per pasient fordelt på buområde og landet. Gjennomsnittsverdiar per år (2014-2018).

Figur: Kontaktrate, eldre (65 år +) med rusliding i poliklinisk behandling. Tal kontaktar per 1 000 innbyggarar, fordelt på buområde og landet. Søylene viser gjennomsnittsverdiar per år (2014-2018) og prikkane representerer ratar for kvart av åra. Ratane er justert for alder og kjønn.

Kommentar

Eldre med rusliding er ei lita pasientgruppe, men variasjonen i bruk av poliklinikk er særleg stor. Eldre i buområde med høgast rate har 39 gonger fleire kontaktar per 1 000 innbyggarar enn i enkelte buområde Nord. Også pasientratar er tydeleg høgast i Oslo, og lågast i Nord.

Så tydeleg store variasjonar i poliklinisk behandling gir mistanke om underforbruk av tenestene i delar av landet, og er uønska.

Døgnbehandling

Pasientar i alderen 65 år og eldre som i 2014-2018 hadde minst eit døgnopphald i psykisk helsevern eller tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar (TSB), med rusliding som hovud- eller bitilstand er inkludert. Rusliding er definert ved ICD-10-kodane F10, F11, F12, F13, F14, F15, F16, F18, F19.

Døgnopphald er definert som opphald på meir enn null døgn i psykisk helsevern eller TSB. Døgnopphald med mindre enn åtte timar mellom utskriving og ny innskriving er slått saman. Opphald lengre enn 365 dagar er ekskludert. Årsratane er registrert på året pasienten blei utskriven.

Resultat

Kvart år hadde 584 eldre med rusliding døgnopphald i psykisk helsevern eller tverrfagleg spesialisert rusbehandling, til saman 854 opphald per år i Noreg.

Pasientraten varierte i buområda frå 0,4 til 2,8 eldre pasientar med rusliding i døgnbehandling per 1~000 innbyggarar per år.

Opphaldsraten varierte i buområda frå 0,6 til 4,2 døgnopphald per 1~000 innbyggarar, med 1,0 som gjennomsnittleg årsrate. Opphald for eldre med rusliding varte i gjennomsnitt 24 døgn, og varierte mellom buområda frå 14 til 42 døgn per opphald.

BuområdeTal pasientarTal opphaldDøgn per opphald
Helgeland91142,1
Finnmark71030,8
Nordland172830,5
Innlandet335330,5
Vestre Viken405028,3
Lovisenberg294626,5
Diakonhjemmet264226,2
Telemark314026,2
Stavanger324725,6
UNN264125,3
Fonna151925,1
OUS466724,3
Bergen507423,2
Ahus516822,5
Førde121922,4
Østfold263522,3
Vestfold212822,1
Nord-Trøndelag152420,9
Sørlandet314319,5
St. Olavs345119,1
Møre og Romsdal326014,1
Noreg58485424,1

Døgnbehandling for eldre (65 år +) med rusliding, i psykisk helsevern og TSB. Tal pasientar, tal opphald og døgn per opphald fordelt på buområde og landet. Gjennomsnittsverdiar per år (2014-2018).

Figur: Opphaldsrate, eldre (65 år +) med rusliding i døgnbehandling. Tal døgnopphald per 1 000 innbyggarar, fordelt på buområde og landet. Søylene viser gjennomsnittsverdiar per år (2014-2018) og prikkane representerer ratar for kvart av åra. Ratane er justert for alder og kjønn.

Kommentar

Variasjonen i opphaldsratar er stor, men det er få eldre med rusliding som får døgnbehandling, med unntak av i hovudstadsområdet. Opphaldsratane kan derfor innehalde større innslag av tilfeldig variasjon og gi usikkerheit til ratane.

Eldre med alvorleg psykisk liding

Alvorleg psykisk liding, dvs. psykoseliding, alvorleg depresjon, mani eller bipolar liding, er forholdsvis sjeldne tilstandar og ca. 1-3,5 % av innbyggarane vil få ei psykoseliding i løpet av livet. Alvorleg psykisk liding kan føre til langvarig og stort funksjonsfall og omfattande hjelpebehov, mens andre kan ha eit meir kortvarig sjukdomsforløp. Pasientar med alvorleg psykisk liding får ofte både poliklinisk behandling og døgnbehandling i spesialisthelsetenesta.

Poliklinikk

Pasientar i alderen 65 år og eldre som i 2014-2018 hadde minst ein poliklinisk kontakt i psykisk helsevern, tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar (TSB) eller hos avtalespesialist i psykisk helsevern, med alvorleg psykisk liding som hovud- eller bitilstand er inkludert. Alvorleg psykisk liding (ALV) er definert ved ICD-10-kodane F20--29, F30.1, F30.2, F30.8, F30.9, F31, F32.3, F33.3.

Polikliniske kontaktar er definert som kontaktar der pasienten (eller pårørande) var fysisk til stades, og blei skriven inn og ut same dato (inkluderer både polikliniske konsultasjonar og dagbehandlig). Indirekte polikliniske kontaktar er ikkje inkludert.

Resultat

Kvart år var omtrent 2 000 eldre med alvorleg psykisk liding i poliklinisk behandling ved psykisk helsevern, tverrfagleg spesialisert rusbehandling eller hos avtalespesialist psykisk helsevern, til saman knapt 20 000 polikliniske kontaktar per år i Noreg.

Pasientraten varierte i buområda frå 1,2 til 7,6 eldre med alvorleg psykisk liding i poliklinisk behandling per 1 000 innbyggarar per år. Kontaktraten varierte i buområda frå 6 til 148 kontaktar per 1 000 innbyggarar, med 23 som gjennomsnittleg årsrate.

Eldre med alvorleg psykisk liding hadde i gjennomsnitt 9 polikliniske kontaktar per år, men talet varierte i buområda frå 3 til 20 polikliniske kontaktar årleg per pasient.

BuområdeTal kontaktarTal pasientarKontaktar per pasient
Lovisenberg1 5607819,9
Diakonhjemmet1 72811714,8
Sørlandet1 42110613,4
St. Olavs1 36912411,0
Telemark7958010,0
OUS1 3141329,9
Bergen2 1432259,5
Vestre Viken1 5421728,9
Ahus1 2991508,6
Fonna728898,2
Vestfold668847,9
Østfold515687,6
Stavanger9141207,6
Helgeland160217,6
Møre og Romsdal9271237,6
Nord-Trøndelag571777,4
Innlandet9371436,6
UNN456716,4
Førde236445,3
Nordland145304,9
Finnmark79263,0
Noreg19 5072 0749,4

Poliklinisk behandling for eldre med alvorleg psykisk liding i psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar. Tal kontaktar, tal pasientar og kontaktar per pasient fordelt på buområde og landet. Gjennomsnittsverdiar per år (2014-2018).

Figur: Kontaktrate for eldre med alvorleg psykisk liding. Tal polikliniske kontaktar per 1 000 innbyggarar, fordelt på buområde og landet. Søylene viser gjennomsnittsverdiar per år for perioden 2014-2018 og prikkane representerer ratar for kvart av åra. Ratane er justert for alder og kjønn.

Kommentar

For eldre med alvorleg psykisk liding er variasjonen i kontaktratar særleg stor. Pasientratane er høgast i Oslo, der pasientane også har nær sju gonger fleire kontaktar per pasient enn i Nord.

Så tydeleg store variasjonar i poliklinisk behandling av pasientar med alvorlege lidingar gir mistanke om underforbruk av tenestene i delar av landet, og er uønska.

Døgnbehandling

Pasientar i alderen 65 år og eldre som i 2014–2018 hadde minst eitt døgnopphald i psykisk helsevern eller tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar, med alvorleg psykisk liding som hovud- eller bitilstand er inkludert. Alvorleg psykisk liding er definert ved ICD-10-kodane F20–29, F30.1, F30.2, F30.8, F30.9, F31, F32.3, F33.3.

Døgnopphald er definert som opphald på meir enn null døgn i psykisk helsevern eller TSB. Døgnopphald med mindre enn åtte timar mellom utskriving og ny innskriving er slått saman. Opphald lengre enn 365 dagar er ekskludert. Årsratane er registrert på året pasienten blei utskriven.

Resultat

Kvart år hadde 1 141 eldre med alvorleg psykisk liding døgnopphald i psykisk helsevern eller tverrfagleg spesialisert rusbehandling, til saman 1 764 opphald per år i Noreg. Pasientraten varierte i buområda frå 0,9 til 3,0 eldre med alvorleg psykisk liding i døgnbehandling per 1 000 innbyggarar per år.

Opphaldsraten varierte i buområda frå 1,2 til 4,3 døgnopphald per 1 000 innbyggarar, med 2,1 som gjennomsnittleg årsrate. Opphald for eldre med alvorleg psykisk liding varte i gjennomsnitt 34 døgn, og varierte mellom buområda frå 23 til 54 døgn per opphald.

BuområdeTal pasientarTal opphaldDøgn per opphald
OUS546954,1
Diakonhjemmet365047,7
Ahus9011846,6
Stavanger7711041,7
Vestre Viken8813437,7
Østfold547636,5
Vestfold415434,8
Bergen13020534,7
Innlandet8713534,4
Lovisenberg314534,1
Telemark457434,0
St. Olavs7213331,7
Finnmark203129,8
Nord-Trøndelag284329,7
Nordland213026,5
Helgeland162426,0
Fonna549326,0
Sørlandet6310425,1
Møre og Romsdal6410925,0
UNN397424,9
Førde305222,9
Noreg1 1411 76434,2

Døgnbehandling for eldre (65 år +) med alvorleg psykisk liding i psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar. Tal pasientar, tal opphald og døgn per opphald fordelt på buområde og landet. Gjennomsnittsverdiar per år (2014-2018).

Figur: Opphaldsrate for eldre (65 år +) med alvorleg psykisk liding i døgnbehandling. Tal døgnopphald per 1 000 innbyggarar, fordelt på buområde og landet. Søylene viser gjennomsnittsverdiar per år for perioden 2014-2018 og prikkane representerer ratar for kvart av åra. Ratane er justert for alder og kjønn.

Kommentar

Det er stor variasjon i døgnbehandling for eldre med alvorleg psykisk liding, og opphalda er i gjennomsnitt meir enn dobbelt så lange i hovudstadsregionen som i buområde med kortast opphald.

Variasjonen er uønska og det er sterk mistanke om at eldre med alvorleg psykisk liding ikkje har eit likeverdig behandlingstilbod.

Vurdering av variasjonen

I helseatlaset blir variasjon i bruk av helsetenester vurdert mellom ulike buområde. Buområda svarar til helseføretaka sine opptaksområde slik dei var inndelte i 2018, det siste året med data i analysane. Inndelinga går fram av vedlegg i rapporten Helseatlas psykisk helsevern og rusbehandling.

Rapporten gir også informasjon om metode brukt i standardisering av ratar og ved vurdering av geografisk variasjon i pasient- og forbruksratar.